Kokosboller



Til jul må eg alltid lage kokosboller. Det har vorte ein tradsjon.
Eg lager helst kokosboller uten egg. Min oppskrift er slik:
  • 2 dl vatn
  • 500 g sukker
  • 8 plater gelantin
  • 1 dl kokande vatn
  • 2 ts vaniljesukker

  • 100 g delfiafett
  • 150 g kokesjokolade
  • 1 pose kokosmasse
Kok opp vatn og sukker i 12 minutt.
Avkjøl til ca. 40 grader.
Legg gelantinblandingen i kaldt vatn i 10 min.
Kryst vatnet av gelantinen og løys det opp i 1 dl kokande vatn. Avkjøl ei lita stund.
Visp sukkerlaken, gelantinoppløsningen og vaniljesukker veldig godt, til ein luftig og stiv krem.
Form boller med skei og sett dei på bakepapir.
La dei stå minst 1 time til dei er stive. Gjerne kjølig.

Smelt sjokolade og delfiafeitt i vannbad. Ta sjokolade over bollene og strø kokosmasse over.

Eg brukar gjerne å ha meir sjokolade og mindre delfiafeitt enn det som står for å lettare få til eit tjukt sjokoladelag. Også viktig at det ikkje er for varmt.

Her har eg brukt oreo-kjeks under. Og så har eg brukt sprøytepose for å få den fine formen. Kjøkkenmaskina kunne då stå å gå mellom kvar gong sprøyteposen vart fyllt. Då stivna ikkje massen før eg var ferdig.


    Kommentarer

    Populære innlegg