Enkle vanilje cupcakes

I går baka eg nokon enkle vanilje-cupcakes. Det var berre til kveldskosen, så dei vart ikkje pynta, men ete varme rett etter steiking. Mmm...


Til ca. 22 stk.
  • 150 g mjukt smør
  • 150 g sukker
  • 3 normale eller 2 store egg
  • 225 g kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 dl matfløyte eller mjølk
Visp smør og sukker til ein lys luftig smørkrem.
Pisk inn egg, eit om gongen.
Bland sammen mjøl, bakepulver og vaniljesukker, og tilsett i smørkremen vekselsvis med matfløyten.

Sett muffinsformene i eit muffinsbrett, eller bruk doble former på eit steikebrett.
Fyll 2/3 fulle former.

Steik i ovnen, på midterste rille ved 200*C i 20 min. (12 min.)

Kommentarer

Populære innlegg