Blåbærpai


Vi var ein tur nedi skogen i dag for å sjå om vi fann blåbær. Det vart litt blåbær og litt bringebær.
Når vi kom heim baka eg blåbærpai. Der brukte eg blåbæra og bringebæra eg fann + frosne blåbær.

Bunn:
  • 150 g kveitemjøl
  • 100 g sukker
  • 100 g smelta smør - litt avkjølt
  • 1 egg
  • 1-2 ss mjølk
  • 1 ts bakepulver
Blande alt sammen, kjevle og ha det i ei paiform. Prikk deigen med ein gaffel.

Fyll:
  • 1 pk. vaniljekrem (Eg brukte den til å koke sjølv)
  • 400 g blåbær (Friske eller frosne)
  • 1 dl sukker
  • 2 ss potetmjøl
Fyll blåbæra i formen.
Bland sammen sukker og potetmjøl.
Dryss blandingen over bæra.
Rist litt i formen, slik at bær, sukker og potetmjøl blander seg.

Steik paien på rist midt i ovnen ved 200 *C.



Kommentarer

Populære innlegg