Små scones med havre


Desse er fine å servere til frukost og lunsj, eller som vi gjorde, som brød ved sidan av heimelaga tomatsuppe.

Du treng, 15-18 stk

  • 1 boks, 300 g original kesam (Går og fint med rømme)
  • 1 dl melk
  • 200 g havremjøl
  • 200 g kveitemjøl
  • 1 stor ss bakepulver
  • 1/2 ts salt


Slik gjer du:

1.Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman kesam, melk, bakepulver og salt, deretter havremjøl og kveitemjøl. Hold gjerne litt igjen på kveitemjølet og juster til du får ein jevn deig.

2. Bruk litt mjøl på benken og kjevle deiga ut til ca. 1,5 cm tjukkelse. Bruk eit glass  til å forme runde scones. Legg over på eit steikebrett med bakepapir.

3. Pensle gjerne sconesa med litt vatn og ha over frø/kjerner/havregryn om det er ønskelig. Steik midt i ovnen i 10-15 minutt, eller til sconsa er lett gylne på oversida og undersida. Pass på å ikkje steike for lenge – då blir dei tørre. Avkjøl på rist.

Kommentarer

Populære innlegg