Ostekake med bringebærlokk


Kjeksbotn

  • 250-300 g havrekjeks
  • 100 g smør


Ostekrem

  • 250 g mandarin og ananas kremost
  • 1, 5 dl lettrømme
  • 3 dl fløte
  • 100 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 pk sitrongelepulver
  • 1,5 dl vatn


Bringebærlokk

  • 1 pk bringebærgelepulver
  • 2,5 dl vatn
  • 100-150 g bringebær


Knus kjeksa godt og bland med smelta smør. Press ned i ei kakeform på 24-26 cm. Set forma i kjøleskap.

Kok opp vatnet og rør ut sitrongeleen. Set til side for avkjøling medan du klargjer resten.

Ha kremost, rømme, fløte, sukker og vaniljesukker i ein bolle og visp til du får luftig krem. 
Vend inn den sitrongeleblandinga som har fått stå og avkjøle litt etter litt. 
Hell ostekremblandinga over kjeksbotnen og set kaka i kjøleskap til det har stivna.

Når ostekremen har stivna (gjerne dagen etter) kan du lage klar bringebærlokket. 
Kok opp vatnet og rør inn gelepulveret. 
Legg bringebær uttover kaka (det går bra om dei er frosne) og hell forsiktig geleen over. 
Sett i kjøleskap til lokket har stivna og fram til servering.

Kommentarer

Populære innlegg