Kabaret med skinke


Eg lager kabaret på omtrent samma måten som mamma har pleid å gjere. Liker den så godt. Det er vel noko med det ein er vant med. Den oppskrifta er omtrent sånn:

  • 2 poser aspic.
  • 1 pose amerikansk blanding.
  • 1 boks bogskinke e.l.
  • Egg (4-6 stk.)
  • Hermetisk asparges.


Etter å ha laga aspic i følge oppskriften så tømmer eg eit tynt lag aspic i bunnen av to former.
Medan det stivnar i kjøleskapet lagar eg i stand resten av ingrediensane.
Koker opp vatn og varmer grønnsakene og deretter avkjøler dei i kaldt vatn.
Koker egg, tar av skal og avkjøler dei.
Skjærer skinke i biter.


Når aspicen i formene er stivna lager eg eit lag med grønnsaker i bunnen. Det er gjerne fint å lage eit mønster då. Etterpå fyller eg på med resten av ingrediensene lagvis og i den mengden eg ønsker.
Deretter set eg formene i kjøleskapet til dei er stivna. For å få kabareten ut av formene før servering kan det vere lurt å dyppe /renne på varmt vatn.

Dressing:
  • Rømme
  • Majones
  • Sylteagurk i små biter
  • Litt lake frå sylteagurkane.
Eg brukar ca. halvparten rømme og majones. Blandar i sylteagurk etter kor mykje eg ønsker og smaker deretter til med laken frå sylteagurkane.

Kommentarer

  1. Hællemåne denne var bærre heelt nydelig asså😘🥰🥰

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg