Kanelsnurrer
I dag bakte eg og Elias kanelsnurrer. Fann oppskriften her. Bollene vart veldig gode, men eg var litt uheldig og steikte dei litt for lenge.
Bolledeig
Bolledeig
- 950 - 1000 gram kveitemjøl
- 5 dl mjølk (25 - 30 grader)
- 25 gram fersk gjær (eller 1/2 pose tørrgjær)
- 125 - 150 gram sukker
- 1 ts kardemomme
- 1/4 - 1/2 ts salt
- 1 egg
- 150 gram smør, i terninger
Kanelfyll
- 100 gram mjukt smør
- 1-2 ss kanel
- 5 ss sukker
Til pensling og pynt
- 1 egg, sammenvispet
- perlesukker
Ha alle ingrediensene til bolledeigen, unntatt smøret, i bakebollen. (Også gjør, uten å blande det ut i væske).
Gjærmengden kan dobles om du ikkje kan heve deigen lenger enn 45 min.
La deigen elte i 10-15 minutter på sakte til middels fart. Juster eventuelt med meire mjøl om deigen virker laus.
Tilsett smøret i små terninger og elttil deigen slepp kantane i eltebollen og alt smøret er elta godt inn i deigen, etter 5-10 minutt. Auk gjerne farten undervegs.
Dekk til bakebollen og sett deigen til heving på ein lun plass, i ca. 1 times tid. Til deigen har vortedobbelt så stor.
Ha deigen på mjøla underlag, del den i to, og kjevle kvar del ut til ein rektangulær leiv som er 45-60 cm brei. Bre smøret utover halvparten av leiven, og strø sukker og kanel over.
del kvar leiv opp i ca. 12 remser. Tvinn remsene og slå deretter ein knute på dei.
Legg kanelsnurrene på bakepapirkledd steikebrett og la dei etterheve under klede i 30-60 minutt. Oppskriften gir ca. 24 kanelsnurrer. Pensle dei ferdige forsiktig med sammenvispa egg og strø eventuelt litt perlesukker over.
Steik kanelbollene midt i ovnen ved ca. 225 grade (over- og undervarme) i 10-12 minutt. Følg med. Bollene er ferdige når dei har ein lett gyllen overflate og er lett brune under.
Kommentarer
Legg inn en kommentar