Bløtkake med sjokoladekrem
I morgo vil eg gi ei kake i forsinka bursdagsgave til pappa.
Så i dag kjøpte eg ein ferdig sukkerbrødbunn som var delt i tre.
I det nederste laget fylte eg i ferdig vaniljekrem som var blanda med piska krem. Oppå det strødde eg hakka sjokolade.
I det andre laget hadde eg på eit tjukt lag med krem blanda med bringebærsyltetøy.
På toppen pynta eg med sjokoladekrem. Her er oppskrifta på den:
- 150 gram mjukt smør
- 6 ss kakao
- ca. 400 gram melis
- 300 gram kremost naturell
Visp smøret til det blir kremaktig.
Tilsett kakao og melis og kjør det til du får ein jevn masse.
Tilsett til slutt kremosten og kjør blandingen eit par minutter, til den er kremete.
Kommentarer
Legg inn en kommentar