Ostekake med sitrongele




Eg og Aurora hadde så lyst på ostekake, så det baka eg i dag. Fann litt forskjellige oppskrifter på nett og i bakeboka mi, og lagde ei kake ut frå dei oppskriftene.

Bunn:
  • 300 gr. knuste havrekjeks
  • 100 gr. margarin
Smelt smøret. Bland det sammen med dei knuste kjeksa. Trykk ned i forma. Set forma i kjøleskapet.

Ostemasse:
  • 1 boks philadelfia kremost
  • 1 boks kremost naturell
  • 1 boks fløyte. (Eg brukte 3 1/2 dl)
  • 1 1/2 dl melis
  • Ca. 1 ts vaniljesukker
  • 1 boks gele
Lag geleen med halvparten av vatnet enn det som står på pakka. Avkjøl og la den bli litt halvstiv. 
Visp sammen alt unntatt geleen til det blir nesten stivt.
Vist geleen i osteblandingen.

Hell alt oppå botnen.
La det stå ei stund i kjøleskapet å stivne.

Lokk:
  • 1 boks gele
Lag gele av halvparten av vatnet enn det som står på pakken.
Avkjøl.
Hell det forsiktig over kaka.
La stå ei stund i kjøleskapet og kvile.






Kommentarer

Populære innlegg