Lefsekling


  • 3 dl fløyte (søt eller sur)
  • 3 dl mjølk søt
  • 125 g smør og 125 g margarin. Tilsammen 250 g.
  • 1 neve sammalt rug (fint eller grovt)
  • Kveitemjøl til passe deig ( 0.76 kg vart det brukt her)
Smuldre smør og mesteparten av mjølet. (Ikkje for lenge, då blir det deig, og det skal det ikkje bli.
Ha det oppi ein bolle.
Ha i fløyte og mjølk, litt og litt. Bland med f.eks. sleiv.
Ha i resten av mjølet til passe deig.
Sett i kjøleskap til neste dag.
Denne deigen gir 17 - 20 leiver.

  • Tape fast eit gammalt putevar el.l. til kjøkkenbenken til å bake ut på.
  • Lag til passelige evner.
  • Ha rikeleg med mjøl der du legger emnet på kjevleflata. Ha også rikeleg med mjøl oppå.
  • Kjevle forsiktig. Løsne på leiva om du ser at den klistrer seg. Ha då litt mjøl under der slik at den ikkje klistrer seg igjen.
  • Trill leiva til slutt med mønstertrille.
  • Når du er ferdig å kjevle koster du av overflødig mjøl.
  • Steik leivene raskt. Takka vår var på 3 - 4. Steikte ca. 30 sek. på kvar side til det er brune flekker på leiva. "Prikk" med "spikertrille" når du steiker for å unngå bobler.
  • Tørk  av takka med papir mellom kvar leiv.
  • Legg leivene under ullteppe, laken, plast (klypte bæreposer) og matpapir. Legger det over breidda på bordet. Legger leivene annankvar gong på kvar side.
  • Brett over igjen for kvar leiv.
  • La leivene avkjøle seg heilt før du smører dei med blanding av smør og sukker. 
  • Brett leiva sammen. Klypp i 4 biter. Reinklypp rundt kanten.


Lag passelige leiver.
Strø mjøl under og over leiva før kjevling.


Kjevle i veg.

Ferdig kjevla leiv.
Rull leive over på ein "pinne".

Børst av overflødig mjøl.
Prikk leiva når du steiker for at det ikkje skal bli bobler.

Sjå om leiva er ferdig steikt med lysebrune flekker.
Legg leivene under/mellom ullteppe, laken, plast og bakepapir for sakte avkjøling.
Legg leivene annankvar gong på kvar side.

Brett over igjen mellom kvar leiv.

Klypp leivene i 4 biter etter at den er smurt og bretta.


Reinklypp kanten.

Kommentarer

Populære innlegg